torsdag 10. februar 2011

Strandmummel


vil du vite kven du er
spør strandmumlarane
dei knuffar ikkje kvarandre med kvasse kantar
dei har mumla seg til samliv i ti tusen år

vil du vite kven du er
spør strandmumlarane
dei veit det meste
dei har mumla i lag under Jærens sin høge himmel

dei kan du lytte til
du er ein del av dei
dei er ein del av deg

sett deg ned ei stund på stranda
mumla litt med strandmumlarane
der får du vite det viktigaste som har hendt
dei siste ti tusen åra

Askill Voll
GÅ HJEM OG KYSS DIN KVARDAG. Helge Torvund